Etablerer ressursbase for ungdomsskulen

Det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen er i innspurten.

No håpar ein at skulane skal sjå på prosjektet som ein ressursbase med fagleg innhald på nynorsk.

Det nærmar seg motivasjonssamling og femte og siste prosjektperiode for pilotskulane i Kvitebjørnen-undring og læring. Prosjektvekene i år er sett til vekene 43 – 45. I haust rundar ein av prosjektetet med eit pedagogiske opplegg for 10. trinn. Dette er utvikla av Trude Hoel (lesedel) og Sidsel Ødegård og Anne Grethe Aven (matematikk- og forskingsdel). Temaet for årets opplegg er ”Å forska på eige liv og lesing sett i samband med kompetansemål etter 10. trinn”.

Motivasjonssamlinga for lærarane skal i år vere på Vitenfabrikken på Sandnes tysdag 16. oktober. Opplegget vil bli presentert av forfattar og “kulturpotet” Terje Torkildsen, som nyleg vart kåra til vinnar av Uprisen i litteratur for Dystopia III. Ein vil òg få presentert forskingsdelen av matematikklærarar ved Jåtta VGS, Sidsel Ødegård og Anne Grethe Aven, som utformar denne delen.

Utfordringa til Kvitebjørnen – undring og læring er å leva vidare etter pilotprosjektet og få fleire til å sjå på kvitebjørnen.no som ein ressursbase for fagleg innhald på nynorsk.

– Me må få formidla til rektorar, lærarar, fagpersonell ved lærarutdanningsinstitusjonar og lærarstudentar at dette er eit opplegg som ligg klart til å bli nytta, seier prosjektleiar Astrid Eidhammer Hjelmeland.

Hjelmeland meiner også opplegget vil passe perfekt som materiell til dei nye valfaga som grunnskulen tilbyr elevar frå og med 8. klasse.

– Me ser eit potensiale til å nå ut til lærarar som treng gode løysingar og opplegg for undervisninga i desse faga, slår Hjelmeland fast.

Det er lærar ved Sunnylven skule, Egil Dolmen heilt samd i. Sunnylven skule deltar allereie i Kvitebjørn-prosjektet.

– Her er det mykje å hente for lærarar på andre trinn også, det er absolutt potenisale for at dette kan bli ein god ressursbase på nynorsk, seier han.

Les bloggen til Sunnylven skule her!

Kvitebjørnenopplegga som er laga til ulike trinn frå 6. – 10. trinn kan òg nyttast på andre trinn. Fagfelta drama, filosofi, utstilling, innovasjon med fleire, som er nytta i dei pedagogiske opplegga for Kvitebjørnen-prosjektet, er ikkje låst til eit trinn.

I forprosjektet til Rasmus Løland-markeringa 2007-2011 vart det gjort framlegg om å laga eit pedagogisk opplegg som kan få elevane til å reflektere over eige nærmiljø, kultur, og lokalt næringsgrunnlag, med tanke på eige engasjement og involvering. Dette er altså ikkje primært eit leseprosjekt eller ei lesesatsing, men eit opplegg der ein nyttar Løland sine tekstar for å skapa refleksjonar og haldningar. I løpet av desse åra har elevane, i tillegg til å bli kjende med forfattaren Rasmus Løland, jobba med ulike metodar for å bli betre kjende med seg sjølve, sitt eige språk og sitt eige lokalmiljø.

Dei har laga skodespel, jobba med forteljeteknikkar, laga utstilling med utgangspunkt i innovativ tenking, filosofert, laga collage, teikneseriar og laga filmar om før og nå. Finn meir om kva elevane skriv om sine erfaringar på kvitebjørnen.no.

Vist 208 ganger. Følges av 2 personer.
Annonse