Nynorske nettressursar for skulen

Her er nokre tips til det du kan finna på nett!

I dag er eg invitert til Skjold skule i Vindafjord for å fortelja om Magasinett.no og Framtida.no og andre nynorske læringsressursar.

Magasinett og Framtida.no er høvesvis eit nettidsskrift og ei nettavis, og høver for elevar i ungdomsskulen og på vidaregåande.
Magasinett – teikneserier og tekstar innan fleire sjangrar av kjende skribentar og forfattarar på nynorsk. Arrangerer skrivekonkurransar saman med Framtida.no.
Framtida.no – aktuelle nyhende, intervju, kommentarar og reportasjar om politikk, kultur, skule, yrkesval, livssyn. I tillegg er det mange quizar og høve for elevane til å skriva saker sjølv.

Andre sider:
Nynorsksenteret – samling av mange nettressursar.
Kvitebjørnen – pedagogisk pilotprosjekt.
Skulesidene til Aasentunet
Heiverden.no! – snakk så eg forstår!
NDLA på nynorsk= – digitale læremiddel for vidaregåande opplæring.

Blogg:
Liv Marie Schous Arena – lærar som bruker mykje nett og Facebook i undervisinga.

Har du tips til andre ressursar, aktuelle bloggar eller sider? Del dei med oss i kommentarfeltet!

Vist 245 ganger. Følges av 2 personer.
Annonse