Leseglede og lærelyst med nynorske barne- og ungdomslitteratur

Me inviterer til seminar på Stord!

Onsdag 5. og torsdag 6. november vil me invitera alle norsklærarar, litteraturformidlarar og andre som er glade i god barne- og ungdomslitteratur til seminar på Stord. Då kan de få fagleg påfyll, og i tillegg få ein smak av festivallivet på verdas einaste nynorske barnebokfestival.

Her er nokre av dei som kjem til seminaret «Leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur» 5. november:

Terje Torkildsen, forfattar, einaste som har vunne Uprisen to gonger
Ragnfrid Trohaug, forfattar og fung. forlagssjef i Samlaget
Janne Karin Støylen, formidlar og høgskulelærar ved Nynorsksenteret
Trude Hoel, universitetslektor, Lesesenteret

Seminaret blir arrangert av Landssamanslutninga av nynorskkommunar v/Framtida.no, Fylkesbiblioteket i Hordaland, Samlaget og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Les meir om programmet her!

Pris: 250 kr per pers, inkl. lunsj

MELD DEGTIL 5. NOVEMBER HER!

Er du rask og melder deg på innan 3. oktober, kan du vera med i trekkinga av eit klassesett med meldareksemplar av den nye boka Kampen om Kervad av Asbjørn Rydland.

Til seminaret «Fantasi og fanteri – om fantasy og fantastikk» 6. november kjem blant anna forfattarane Tor Arve Røssland, Lars Mæhle og Erna Osland.

Les meir her!

Meld deg på til 6. november her!

Vist 519 ganger. Følges av 1 person.
Annonse