Lynkurs i å skriva bokmeldingar

I dag var eg på Stord Ungdomsskule for å læra 9.klassingar å skriva bokmeldingar.

Elevane er med på eit prosjekt i samarbeid med den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu. Dei skal mellom anna vera med på å bokbada forfattarane Tor Arve Røssland, Bente Bratlund og Rune Belsvik som kjem under festivalen. Elevane skal òg skriva bokmeldingar av fleire bøker dei får lesa.

Sjå presentasjonen frå kurset eg heldt for dei!

Og sjå artikkelen eg har skrive om tips til å skriva bokmeldingar!

Her kan du lesa alle bokmeldingane me har publisert – av både ungdom og profesjonelle bokmeldarar.

Meld på deg på nyhendebrevet vårt om siste boknytt her!

Vist 541 ganger. Følges av 1 person.
Annonse