Viser arkivet for stikkord leseaksjon

Aksjonar for leseglade i sommar

Mange bibliotek gjennomfører i sommar leseaksjonar for elevar i skulen. Det gjer dei mellom anna i Indre Sunnfjord og i Hallingdal. Dette gjer dei for å auke leseferdigheitene blant dei unge.
I Indre Sunnfjord har dei kalla aksjonen Sommarles 2011, og dei lokkar både med bøker og digikort-spelar som premiar. Her kan du lese meir om konkurransen i Indre Sunnfjord.
I Hallingdal samarbeider seks kommunar om leseaksjonen Sommarbok 2011. Dei lokkar også med bokpremiar.
Leseaksjonane fungerer slik at dei unge går til det lokale biblioteket og melder seg på. Dei får eit lesekort som dei sjølve fyller ut og leverer inn til biblioteket innan ein gitt frist. Nokre av aksjonane oppmodar også dei unge lesarane til å skrive meldingar av bøkene dei har lese.
Sjekk om ditt lokale bibliotek har ein leseaksjon i sommar!